Meir om blodgiving

Før, under og etter blodgiving

 30.09.2024Versjon 1.2

Før blodgiving

  • Du skal vere utkvild og ha overskot.
  • Få i deg godt med mat og drikke på førehand.
  • Ikkje planlegg trening samme dag som du skal gi blod.
  • Unngå oppmøte om du ikkje kan gi blod, tenk gjennom om det kan være noko som vil gi deg karantene:
    • Har du vore sjuk siste tida?
    • Har du eller din partnar vore på reise?
    • Har du sår nokon stad på kroppen?
    • Har du hatt ny eller tilfeldig seksualpartnar i løpet av dei siste 6 måndane? 
  • Kontakt blodbanken ved spørsmål.

I blodbanken

Første gang du kjem til blodbanken
Før du kan gi blod må du gjennom ei nyregistrering i blodbanken. Der skal du fylle ut eit medisinsk spørjeskjema på papir eller nettbrett som blir gått gjennom saman med vårt personale. Før du kan gi blod for første gang må du vise oss legitimasjon med bilde, namn og norsk personnummer. Under nyregistreringa vil det bli målt blodtrykk, puls og det blir teke blodprøvar av deg. Om du blir godkjent som blodgivar vil du få innkalling når alt er klart.

Når du kjem til blodgiving
Medisinsk spørjeskjema på nettbrett eller papir må fyllast ut kvar gang du skal gi blod. Når du er ferdig med å fylle ut skjemaet vil personalet hente deg for gjennomgang av skjemaet.

 
Forsyn deg med drikke og mat. Spesielt påfyll av drikke er viktig når du skal gi blod, men det skal heller ikkje være mange timar sidan du åt sist. Dersom det kjem fram informasjon i løpet av samtala som ikkje samsvarar med blodgiving, vil du få karantene og eventuelt ny time til blodgiving på seinare tidspunkt. Har du spørsmål underveis kan du fritt spørje personalet, vi har teieplikt.

 

Dersom du har parkert bilen din på en av blodbanken sine parkeringsplasser sei ifrå til personalet i blodbanken. 

Under blodgiving
Du får leggje deg og slappe av i ein god stol medan vi førebur posar og utstyr til blodgiving. Innstikkstaden på armen blir desinfisert og må tørke før vi kan starte tappinga. Sjølve blodgivinga tar vanlegvis mellom 5-12 minuttar etter at nåla er sett i blodåra. Først blir det fylt ein eigen pose på ca. 50 ml som vi brukar til å ta blodprøvar. Deretter fyller vi sjølve blodposen som tar 450 ml.

Etter blodgiving
Etter at du har gitt blod er det anbefalt at du kviler i stolen i ca. 10 minuttar, slik at kroppen får litt tid til å venne seg til det nye blodvolumet. Når du er klar til å gå får du med deg ei lita gåve som takk for hjelpa. Eventuelt kan du i staden donere eit lite honorar til ditt lokallag i Røde Kors. 

Gode råd når du har gitt blod

Som blodgivar skal du være klar over at det er ein risiko for at du kan få ein reaksjon i samband med ei blodgiving. Risikoen er minimal, dei fleste reaksjonane er mindre alvorlege, som forbigåande følelse av ubehag eller blåmerker på stikkstaden.

 

  • Drikk litt ekstra etter blodgiving for å erstatte væsketapet.
  • Unngå trening og hard fysisk aktivitet samme dag som du har gitt blod.
  • Begynner det å blø fra innstikkstaden, komprimer i 5-10 minuttar og set på nytt plaster når blødinga har stoppa.
  • Skulle du oppleve at du blir svimmel eller uvel er det viktig å få nok blod til hovudet. Legg deg ned eller sett deg ned med hovudet mellom føtene.
    • Dersom du opplever ein slik episode etter en blodgiving ynskjer vi å få beskjed om dette slik vi kan følgje deg opp.

 

  • Det bør gå 12 timar før du vender tilbake til verksemd som kan sette deg sjølv eller andre i fare.
    • Dette gjeld blant anna flygarar, dykkarar, røykdykkarar, fjellklatrarar,  personar som ferdast i stigar eller på stillas og førarar av buss, trailer, tog eller kran.

 

  • Blir du sjuk (forkjøla/feber/diare/oppkast/munnsår/andre infeksjonar) i løpet av den første veka etter blodgiving, ver vennleg å  kontakte blodbanken.

 

Blodbanken følgjer gjeldande lovverk og retningslinjer:

 

Som blodgivar er du i skadesammanheng å rekne som pasient, og er difor dekka av Norsk Pasientskadeerstatning.