Meir om blodgiving

Blodplategiving

 09.06.2022Versjon 1.6

Ved blodplategiving, også kalla aferesegiving, blir ein del av blodet skilt ut. Ved Blodbanken i Førde kan personar med blodtype A eller O som har høge nok verdiar av blodplater, bli blodplategivarar. Ved aferesegiving blir givaren kopla til ei celle-separatormaskin som skil ut den ønska komponenten frå blodet. Resten av blodet blir ført tilbake til givaren. Ved aferesegiving er du tilkopla maskina cirka 70-85 minutt, total tid på blodbanken er då ca. 1 1/2 time.

 

For å bli aferesegivar hos oss må du ha gitt blod nokre gangar tidligare. Det blir og stilt krav til blodårene dine, ettersom det er ei større belastning på blodårene ved tilbakeføring av blodet.

 

Kvifor er det behov for blodplategiving?

Behandling av ei rekkje alvorlege sjukdommar, som blant anna leukemi og andre kreftformer, er så kraftig at både friske og sjuke celler blir øydelagde. Nokre sjukdommar fører i seg sjølv og til auka forbruk av blodplater. For å hindre blødingar hos desse pasientane, blir det gitt blodplateoverføringar inntil kroppen sjølv kan produsere nok plater. Blodplatene har kort "levetid" og kan berre lagrast hos oss i 7 dagar etter tapping. Dermed er det behov for kontinuerleg tilskot. Ved ei blodplategiving får vi samla like mange blodplater som vi elles får frå 8 ved vanlege givingar av fullblod.

 

Kor ofte kan du gi ved aferesegiving?

Blodplater kan i utgangspunktet gjevast kvar 4. veke. Vanlegvis vil vi vente 8 veker før vi sender ny innkalling til blodplategiving.

 

Kva er blodplater?

Blodplater, også kalla trombocyttar, sirkulerer i blodet som små runde skiver og reagerer i løpet av mikrosekundar for å reparere skader i åreveggen og stoppe blødingar. Blodplatene er også aktive ved infeksjonar i kroppen. Hos friske vaksne personar blir det produsert 100 milliardar blodplater i beinmargen kvar dag, du kan difor gje plater oftare enn vanleg fullblod. Blodplatene som blir produserte i kroppen sirkulerer i blodbana i cirka 9 dagar.

 

Er det farleg å gje blodplater?

Nei, det er ingen fare å gje. Alt etter eit døgn har ein frisk person produsert nye blodplater til erstatning for dei som er donerte. Ettersom du får tilbakeført dei røde blodcellene vil du ikkje få nemneverdige lågare nivå av hemoglobin og jern etter blodplategiving. Det er heller ingen smitterisiko ved å gje, alt utstyret som blir nytta er eingongsutstyr. Blodet blir testa kvar gong, akkurat som ved ei vanleg fullblodsgiving.

  • Gå til avsnitt
  • Lukk