Meir om blodgiving
Kva blir blodet testa for
Testar ved blodbanken
Når du registrer deg som blodgivar sjekkar vi blodtypen din. Den blir og kontrollert ved kvar giving slik at vi sikrar oss mot forveksling av blodgivarar. Blodet blir typa både på ABO, Rh (RhD, e, E, c, C og CW) og K, og kan i enkelte tilfelle og bli typa i andre blodsystem som kan ha relevans i transfusjonssamanheng.
Det viktigaste verktøyet for å hindre smitteoverføring av ein alvorleg infeksjon er spørjeskjemaet du fyller ut før tapping og intervjuet med ein tilsett i blodbanken. Dette sikrar at du som gir blod har ein svært låv risiko for å ha sjukdommane det blir testa for. For å vere ekstra sikre på at det er trygt å få blod blir det utført infeksjonstestar.
Infeksjonstestar blir tekne ved kvar blodgiving. Det blir og frose ned ei prøve frå kvar blodgiving som skal oppbevarast i 2 år. Ved behov for utvida testing blir denne tint. Testane blir utført ved Mikrobiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus.
Infeksjonstestar
Ved kvar blodgiving blir det testa for:
Hos nye blodgivarar, og om du ikkje har gitt blod på over 6 månadar blir det og testa for:
Når plasma skal brukast til plasmabaserte legemidlar blir det testa for:
- Hepatitt A
- Parvovirus
HTLV I og II blir testa ved nyregistrering dersom du er fødd eller oppvoksen (>6 månadars opphald i løpet av dei første 5 leveåra) i land kor denne infeksjonen førekjem endemisk. Dette gjeld Japan, Korea, India, Sør- og Mellom-Amerika ( inklusiv Karibia) og Afrika sør for Sahara.
Resultat av testane
Dersom det blir oppdaga noko unormalt i nokon av infeksjonstestane, tek vi kontakt. Får du ingen beskjed kan du gå ut ifrå at alle testane er negative. Ingen testar er perfekte, og førekomsten av infeksjonen i gruppa har mykje å sei for kor sikre resultata er. Sidan blodgivarar som gruppe har svært liten førekomst av infeksjonane det blir testa for, vil negative prøvesvar so og sei alltid vere rette, medan positive prøvesvar sjeldan betyr at blodgivaren har noko smitte. Om du får beskjed om at det har vore utslag i ein test, skal du vere merksam på at det framleis er lite sannsynleg at du har ein infeksjon, særleg om du ikkje har vore utsett for smitterisiko.
Påvising av smitte
Dersom ein er smitta av eit virus vil kroppen etter noko tid danne antistoff mot viruset. Det er desse antistoffa som dannar grunnlaget for dei fleste virustestane. Det kan ta 3-6 veker frå smittetidspunktet til antistoff kan påvisast. I dette tidsrommet kan blodgivaren være smitteberar utan at testen påviser smitte. Difor blir det gitt karantenetid fra blodgiving for personer som har vore i risikosituasjonar for mogleg smitte.
Når blodprøva gir falskt positiv eller uspesifikt svar
Testmetodane som blir nytta til infeksjonstesting er svært sensitive. Metodane kan samanliknast med ein fininnstilt alarm der alarmen kan gå av utan at det er noko gale, som falsk alarm. Testane vi tar kan dermed nokon gonger slå positivt ut, utan at det er noko gale. Dersom du får beskjed om å komme for å ta nye testar er det ingen grunn til panikk. Dersom du ikkje har vore i risikosituasjon for smitte er det svært lite sannsynlig at prøva faktisk er positiv. Rutineundersøkingane for virusantistoff er so sensitive at dei nokre gonger gir feilaktige utslag sjølv om det ikkje er antistoff til stades. Alle blodprøver som gir eit positivt utslag blir undersøkte vidare med nye kontrolltestar. I dei fleste tilfelle viser dei nye testane at det ikkje er virussmitte. Dersom kontrolltestane er negative kan du fortsette som blodgivar.
Om prøva framleis gir utslag kan det vere nødvendig å avregistrere blodgivaren. Infeksjonstestane er i stadig utvikling og nye metodar blir tekne i bruk, vi oppfordrar difor blodgivaren om å ta ny kontakt med blodbanken etter 1-2 år for retesting. Om testane ikkje gir utslag då, kan avregistreringa opphevast.
Positivt resultat
Ein svært sjeldan gong (ca. 5 gongar pr. år i Noreg) viser det seg at det blir eit positivt resultat og med dei meir ressurskrevande metodane. Dette betyr at det er virusantistoff til stades, og at det dreiar seg om virussmitte. Blodbanken vil då ta kontakt med givaren og vise vidare til ev. behandling og oppfølgjing, givaren blir avregistrert i blodbanken.
- Gå til avsnitt
- Testar ved blodbanken
- Infeksjonstestar
- Resultat av testane