Meir om blodgiving
Kvifor gi blod?
Kvifor treng vi blodgivarar?
- Blod er i mange tilfelle heilt nødvendig for å kunne redde liv.
- Blod er eit levande materiale som ikkje blir produsert, det må gjevast
- Blod er ferskvare og har begrensa haldbarheit, difor er det konstant behov for nye forsyningar.
- Blodoverføring er ein uerstatteleg del av moderne medisinsk behandling, utan blod vil liv gå tapt.
I dag gir berre ca 2 % av folk i Noreg blod. 50 % av oss vil i løpet av livet ha behov for blod eller produkt laga av blod.
Kven treng blod?
Ei rekkje pasientgrupper har behov for blod eller produkt laga av blod.
Kreftpasientar: Nesten 50% av blodprodukta blir brukte til behandling av pasientar med kreftsjukdom. Både sjukdommen i seg sjølv og behandlinga som kreftpasientane får, gjer at dei har stort behov for tilskot av blodprodukt.
Ulukker og operasjonar: Liv hadde gått tapt om blodbankane ikkje hadde hatt blod på lager. Ei einaste trafikkulukke kan kreve at opptil 50 personar har gitt blod.
Kor mange bloddonasjonar treng ein for å redde eit liv? | |
Adjuvant kreftbehandling | 8 donasjonar pr. veke |
Bypass operasjon | 1-5 donasjonar |
Skader og ulukker | Opp til 50 donasjonar |
Levertransplantasjonar | Opp til 100 donasjonar |
Andre organtransplantasjonar: | Opp til 10 donasjonar |
Hofte- og proteseoperasjonar | Mellom 2-5 donasjonar |
Brannskadar: Brannskadar kan krevje mykje blodprodukt, spesielt plasmaprodukt for å hjelpe med tilhelingsprosessen. Omfattande brannskadar kan krevje blod fra meir enn 100 blodgivarar.
Fødande og nyfødde: Både fødande og nyfødde kan ha behov for blodprodukt i forbindelse med fødsel. Det finst også tilfelle der fosteret har fått blodoverføring i mors liv.
Blodsjukdommar: Personar med blødersjukdom manglar ein eller fleire koagulasjonsfaktorar i blodet sitt. Utan denne faktoren kan det oppstå alvorlege blødingar. Blodbankane framstiller koagulasjonsfaktorar av blod. Personar med visse anemitilstandar treng jamleg tilførsel av blod for å kunne leve.
- Gå til avsnitt
- Kvifor treng vi blodgivarar?
- Kven treng blod?