Meir om blodgiving

Om blodbanken Helse Førde

 29.11.2019Versjon 0.4

Om oss

Blodbanken Helse Førde består av blodbanken ved Førde sentralsjukehus med tappestasjon i Florø, blodbanken ved Lærdal sjukehus og blodbanken ved Nordfjord sjukehus. Blodbanken Helse Førde har ca 2200 blodgivingar og produserer ca 400 blodplatekonsentrat kvart år.

 

Blodbanken er ein del av avdeling Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank. Det er ca. 60 tilsette ved avdelinga, dei består av ein spesialist i transfusjonsmedisin, bioingeniørar, helsesekretærar og kontorpersonale.  

 

Vi produserer blodprodukt og utfører transfusjonsmedisinske analysar.

 

Det meste av blodet frå blodgivarane våre blir bearbeida og delt i ulike blodprodukt; røde blodceller, blodplater og plasma. Blod frå ein givar kan dermed hjelpe 3 pasientar. 

 

Blodprodukta vi produserer blir brukte på sjukehusa i Helse Førde.

Blodbanken sitt datasystem

For å kunne gi blod må du vere registrert i blodbanken sitt dataregister, dvs i blodbanksystemet ProsANG.

 

Opplysningar som blir lagra er i hovudsak:

  • Namn
  • Fødselsnumme
  • Kontaktopplysningar
  • Adresse
  • Blodtypeundersøkingar
  • Resultat frå infeksjonstestar
  • Informasjon om kvar blodgiving
  • Tekstar som er relevante for at du er godkjend som blodgivar