Bli blodgivar
Registrer deg som blodgivar
25.11.2022•Versjon 0.12
For å bli blodgivar melder du deg på Røde kors si nettside GiBlod.no. Du får time til informasjon og registrering frå den aktuelle blodbanken. Det kan i enkelte periodar ta noko tid.
Ta gjerne testen Test deg sjølv. Kan eg bli blodgivar? som du finn i denne appen før du melder deg. Slik kan du finne ut straks om du er eigna som blodgivar, eller eventuelt bør vente med å registrere deg til seinare.