Meir om blodgiving

Meir om blod

 30.09.2024Versjon 0.6

Kva består blodet av?

Blodet består av:

  • Røde blodlekamar, også kalla erytrocyttar, inneheld hemoglobin som transporterar oksygen frå lungene vidare ut i kroppen. Hemoglobinet treng jern for å binde oksygen.
  • Kvite blodlekamar, også kalla leukocyttar, er kroppen sitt forsvar mot infeksjonar.
  • Blodplater, også kalla trombocyttar, er viktig for å stanse blødingar som oppstår.
  • Plasma består av vatn, salt, proteinar, koagulasjonsfaktorar og immunglobuliner.

 

Blodtypar:

Blodtypar er protein og karbohydrat (kalla antigen) på dei røde blodcellene. Det finst mange blodtypesystem, dei to som er mest kjende og har størst betydning når det gjelder blodoverføring er kalla ABO og Rh-systemet. I ABO-systemet er blodtypane A, B, O og AB, avhengig av om blodet har ingen, ein eller begge eigenskapane A og B. Blodtype O finst hos 40 % av den norske befolkninga, A hos 48 %, B hos 8 % og AB hos 4 %.

 

I Rh-systemet finst blodtype RhD+ (positiv) og RhD- (negativ). Blodtype RhD+ finst hos 85 % i den norske befolkninga og blodtype RhD- finst hos 15 %.

 

Det har ikkje noko helsemessig betydning for deg kva blodtype du har, men ved ei blodoverføring må blodtypane til givar og mottakar passe saman.

Kva skjer med blodet etter at det er gitt?

Etter at du har gitt blod blir blodposane sentrifugerte for å skilje dei røde blodlekamane, blodplatene og plasma. Det blir laga separate produkt av desse. Dei røde blodlekamane blir filtrerte for å fjerne dei kvite blodcellene, som blant anna kan gi pasienten feberreaksjon. Alle blodprodukta blir sette i karantene hos blodbanken til svar på alle infeksjonstestane føreligg. 

 

SAG posen med de røde blodlekamane blir lagra kjøleg og held seg i inntil 35 dagar. Blodplateposen blir lagra i romtemperatur og kan brukast i inntil 7 dagar. Blodplasma blir djupfrose og samla opp i store parti som blir sendt til produksjonsanlegg i Østerrike, sidan det ikkje er slike anlegg  i Noreg. På produksjonsanlegget blir plasma virusinaktivert før det blir framstilt plasmaprodukt som koagulasjonsfaktorar, albumin og immunglobulin. Plasmaprodukta blir sendt tillbake til Noreg for bruk.

Jern, ferritin og hemoglobin

Jern er en viktig del av blodet. Ved blodgiving misser du røde blodceller som og inneheld jern. Det kan difor vere nødvendig å erstatte dette ved å ta jerntilskot dei første vekene etter at du har gitt blod. Vi måler jernlageret ditt ved første donasjon og seinare ved behov.​ Etter kvar blodgiving vurderer vi om om det er behov for tilskor av jern, og du får i tilfelle med deg  jerntablettar frå blodbanken.

 

Hemoglobin blir målt ved kvar blodgiving for å sjekke at du har tilstrekkeleg mengde røde blodceller til å gi blod. Nedre grense for Hb i forbindelse med blodgiving er 12,5 g/dl for kvinner og 13,5 g/dl for menn. Har du for låge verdiar må du vente med å gi blod til lagera har fått bygt seg opp igjen. Du vil då få med auka dose jerntablettar for å bidra til å bygge opp hemoglobinnivået.

 

Ein får i seg noko jern gjennom vanleg kosthald, men dette er vanligvis ikkje nok for å bygge opp igjen det ein misser etter blodgiving. Her ser du ei oversikt over kva du må etee for å kompensere for innhaldet i jerntablettane du får hos oss når du har gitt blod: