Ny blodgivarportal (web-booking)
Ny versjon av blodgivarportalen er tilgjengeleg
På grunn av oppdatering av blodbanksystemet vårt har blodgivarportalen (web-bookinga) vore nede ein periode. No er den endeleg på plass igjen i ny og, håper vi, bedre utgåve.
Endringar:
- Pålogging - denne er endra til ein sikrare versjon, det betyr at i tillegg til fødselsnummer og passord får du ein kode på SMS som må skrivast inn.
- Endra utsjånad
- Du ser kva blodtypen din er
Dersom du er ny brukar må du først opprette konto, er du alt brukar må du velge "Nullstill passord", då får du eit midlertidig passord på SMS og lagar deretter ditt eige.
Merk at du berre kan velge å få passord på SMS, e-post er ikkje aktivert hos oss.
Lenke til blodgivarportalen: https://blodbank-timeavtale.helse-forde.no