Bli blodgivar

Test deg sjølv. Kan eg bli blodgivar?

For å bli blodgivar må du vere mellom 18-60 år, ha norsk personnummer og beherske norsk skriftleg og munnleg. Reglar vedørande helse og andre forhold som kan medføre smitterisiko, kan og ekskludere deg frå å gi blod. Ta denne testen for å finne ut om du kan bli blodgivar:
Har du no eller tidligare hatt alvorleg sjukdom?
Brukar du faste medisinar?
Har du nokon gong hatt alvorleg allergisk reaksjon?
Veg du under 50 kg?
Har du vore meir enn 5 år til saman i Afrika sør for Sahara?
Brukar du- eller har du brukt dopingmidlar eller narkotika?
Har du piercing i slimhinner?